Leir

Vær beredt!

Hensikten med
hjemmesiden

Om oss

Lederne

Rovere

"Peffer" og "Asser"

Album

Aldersinndelingen

Oppdagerprogram

Stifinnerprogram

Vandrer aspirant
program

Vandrerprogram

Førerpatruljeprogram

Leir

Speiderdrakten

Speiderbønn og løfte

Lenker

Turmatoppskrifter

Utstyr

LANDSLEIR 2018 info:


Landsleirinfo 1:

Hei, alle de som er aktuelle for landsleir!

Her kjem første informasjonsbrev om leiren – slik at de kan sette av tidspunktet, og planlegge sommaren. Link til påmelding kjem seinare, via gruppa i Os (frist 10. april), og så blir det ei samla påmelding av heile gruppa.

Den 19. februar (måndag) kl 1930 blir det foreldremøte, med landsleir som tema.

FAKTA:

 Når: 30. juni - 7. juli 2018 (dvs. 8 dagar)

 Kvar: Lånke i Trøndelag, i nærheten av Værnes lufthavn

 Målgruppe: Leiren er planlagt for speidarar født i '07 og eldre

 Påmelding: Innan 10. april 2018 (via speidargruppa i Os)

 Pris: 2500 kroner + fellesutgifter (reise og fellesutstyr for gruppa)

Familiemoderasjon: 1800 kr, frå familiemedlem nr. 2

Reise til Trøndelag: Vi legg til rette for å reise samla, med fly, sannsynlegvis i lag med andre i Bjørgvin krets. (Bør kunne få gode prisar om vi bestiller tidleg). Det er også nokre familiar som skal køyre nordover.

Landsleir er ei fantastisk oppleving å få med seg, om ein har sjansen. Det er 4 år til neste gong. Les meir om leiren her: http://futura.kmspeider.no

 Ta kontakt om det er noko du treng å diskutere vedr. deltaking på leiren:

oyvind.sundfjord@asplanviak.no     tlf 48198738

eller

speiderwenche@gmail.com  tlf 91635883


Landsleirinfo 2:

BINDANDE PÅMELDING TIL LANDSLEIR-REISE

Vi har no fått eit pristilbod frå Os reisebyrå på flyreise til/frå landsleir, som vi kjem til å nytte oss av:

Til Trondheim laurdag 30. juni kl 0730-0830, retur laurdag 7. juli kl 1915-2015. (Widerøe begge vegar, pris kr 2.414,-)

Altså ei effektiv reise, med ankomst/avreise same dag som oppstart og avslutning på leiren.

Påmelding til fellesreise (frist 12. mars): Send kr 400 til 3633.54.84007 (merk med namnet på speidaren). Send også mail til speiderwenche@gmail.com

 Dette beløpet må vi betale som eit depositum for kvart sete vi reserverer, og blir trekt ifrå på totalbeløpet seinare. Avbestilling av fellesreise er mogleg inntil 15 dagar før avreise.

Til orientering blir dei samla utgiftene (innbetaling seinare):

- Flyreise t/r: kr 2.414,- pr. person (200 kr i rabatt for dei som er 11 år og yngre)

- Deltakaravgift: kr 2.500,- (familiemoderasjon 1800 kr, frå familiemedlem nr. 2)

- Fellesutgifter elles: Dette blir minimalt (Speidargruppa i Os vil i størst mogleg grad betale for fellesutstyr og forbruksmateriell)

- Lommepengar: 500-600 kr

Til orientering: Speidargruppa i Os har valt å reise med fly. Bjørgvin krets har laga til ei fellesløysing med tog, men dette ville ha blitt fleire dagar ekstra varighet, og ville ikkje nødvendigvis ha blitt billegare, når ein tar i betraktning at sovekupe gjerne ville ha blitt naudsynt.

Spørsmål?

- Øyvind: oyvind.sundfjord@asplanviak.no     (48198738)

- Wenche: speiderwenche@gmail.com            (91635883)

 

Landsleir-info for 1. Os

Det nærmar seg årets store hending: Landsleir i Trøndelag 30. juni – 7. juli.

Vi blir ein tropp på 31 stk (med smått og stort) frå 1. Os KFUK-KFUM som reiser. Du finn fullstendig oversikt på alt mogleg om leiren her: futura.kmspeider.no . Det aller mest nødvendige har vi samla i dette dokumentet.

Dei som reiser med fly: Oppmøte 06.15 den 30. juni i avgangshallen på Flesland. (Litt tidlegare enn nevnt på foreldremøtet, sidan vi er ei stor gruppe.) Vi oppfordrar til at foreldra samordnar kjøring seg imellom. Bagasjen må vere ferdig merka med namn. Vi har rekna med 1 kolli pr person (maks 23 kg), pluss handbagasje (maks 8 kg) i tillegg.

Det blir enkeltvis innsjekking, og deretter samlar vi troppen og går gjennom sikkerhetskontrollen. Vi har bestilt transport frå flyplassen på Værnes til leirområdet. Sannsynlegvis kjem vi bort på leirområdet tidlegast kl 9 – 9.30.

Dei som reiser med bil: Vi møtest på 1.Os sin tildelte leirplass på Lånke. Enno veit vi ikkje nøyaktig plassering inne på leirområdet, men dette vil bli annonsert på Facebook ein dag eller to på førehand (Wenche kjem dit på onsdagen før leiren startar, og installerer seg på Os-området). Den enkelte familie får tilpasse dette som ein vil, men det vil passe fint å møte resten av gjengen på leirområdet ca kl 09.30 på laurdag morgon.

Påkledning reisedagen: Alle som har høve til det, stiller i speidarskjorte og skjerf.

Mat på turen/ ankomst Lånke: Ta med matpakkar til lunsj og eitt ettermiddagsmåltid (vi lagar middag laurdag kveld). Ta med drikkeflaske (må vere tom på flyet), så gjer vi det enkelt dei første timane.

Heimreise: Avreise laurdag 7. juli: Avgang frå Værnes 1915. Flyet landar på Flesland kl 2015.

Leiarar som er med: Øyvind Sundfjord (48198738), Wenche Orrebakken (91635883), Margrethe H. Askeland (97951006), Jostein Døsen (97149773), Kristine Hildegard Ulvatne (41379294), Baard Brattebø (90939721), samt 3 roverar (desse vil delvis vere opptatt med andre oppgåver rundt i leiren).

 

Viktige detaljar:

- Dersom ungane har medisin som dei må ta, og som vi må ha ei oppfølging med – så må informasjon om dette sendast til oyvind.sundfjord@asplanviak.no.

- Pengar – vi må førebu oss på at det blir ein leir fri for kontantar, i staden blir det Cashless. (Les meir her) Du treng eigentleg ikkje bruke så mykje pengar denne veka, men det er alltids ein del som fristar (vi foreslår at 700-800 kroner kan vere ei øvre ramme):

o Kjekt å ha muligheten til å kjøpe seg eit minne i speiderbutikken

o Det er kiosk i leiren, som er open kvar dag…

o På fredagen er det et oppfinnertorg/ marknadsdag, der inntektene går til KFUK-KFUM Global (fokus på økonomisk rettferdighet og etisk handel). Og då kan vi jo godt vere litt rause….

o Foto: Det er som regel ein fotograf i leiren som tilbyr gruppebilde, og det kan vere kjekt å kjøpe med seg heim.

- Leirbålsunderhaldning – her er det kjekt om du øver inn eit triks eller ein artig konkurranse! Hugs at det blir fleire leirbål i løpet av veka. Det er mange speidarar frå andre land, og det er kjekt å vise fram litt kunstar for kvarandre.

- NB – Merk klede og utstyr med namn/tlf. (Tusj/tape/klistremerke)

Kjekt å vite:

- Vi har oppretta ei separat Facebook-side for leiren. Her vil vi dele foto med foreldra til dei som deltar.

- Lade-mulighet finst på leiren. Men det er begrensa med åpningstid, og det kostar litt pengar, det også….

- Ønskjer familien å vere med eit par dagar på landsleiren, så er de hjarteleg velkomne på besøk. Då kan de enten bu i Hotelt eller Hotell. (les meir)

- Fordeling i telt: Leiarane har bestemt ei fordeling basert på alder og kjønn. Patrulje-inndelinga er meir samansett. Desse inndelingane vil bli presentert på leiren.

- Ei svensk speidargruppe skal bu på osingane sitt leirområde, så det blir ein del aktivitet ilag med dei.

- Fellesutstyr: Vi lastar dette inn ein gods-conteiner i Bergen den 25. juni. Felles med dei andre i Bjørgvin krets.

 

PAKKELISTE

Pakk i ryggsekk, og hugs å pakke alt i posar. Då held tinga dine seg tørre, og det er mykje lettare å halde orden i utstyret ditt. Hugs å merke alt utstyret med namn! Her får du ei oversikt over kva du må ha med deg på leir.

Husk matpakke (2 stk) og drikke til reisa! Klede Utstyr Hvis du har
Undertøy – minst 8 Sovepose m/ vanntett trekk Leirbålskappe
Sokkar – 4 par Liggeunderlag + noe å sitte på Yttertrekk til sovepose (for haiken)
Ullundertøy – minst 2 sett Solkrem (høy faktor) Kompass
Gensar - 2 Toalettsaker Fotoapparat
T-skjorter - 3 Nødvendige medisiner Mobil, og ev. powerbank
Shorts 2 Myggmiddel og kløstillende salve (leiarane har også med litt) Speidersang (sangbok)
Langbukser - 3 Håndkle stort + lite Antibac
Vindjakke Bestikk + service (kopp, tallerken flat+djup), til bruk på Haiken – gjerne tursett. I leiren har vi fullt sett til alle. Solbriller/ "Solhatt"
Varm gensar/fleece - 2 Lommelykt med batterier Ei lita utgåve av Det nye testamentet
Regntøy (jakke+bukse) Kniv
Speidarskjorte Skrivesaker
Skjerf med knute Drikkeflaske
Badetøy Thermos (0.5 liter)
Lue, vottar, skjerf Sysaker
2 par sko (hugs gode sko) Plaster
Gummistøvlar eller fjellsko Powerbank til lading av mobil (desse får vi lada på leiren)
 

 

horizontal rule

Alle henvendelser ang. speideren, påmelding m.m rettes til gruppelederen Øyvind Sundfjord. (Se under "Lederne")

Dersom du ønsker å få noe med på disse sidene, kontakt:

Per Solberg
Velumsbrekkene 3, 5208 OS
Tel. 41 20 17 16
E-post: solberg_per@yahoo.no

Tilbake til startsiden                                                                                                                                                     Sist endret: 20 juni 2018